Fysioterapitenestene i Ulvik herad går inn i ein periode med svært redusert kapasitet i tida framover. Helse og velferd vil prioritere lovpålagte oppgåver, fysioterapi på institusjon, rehabilitering og habilitering. Eigentrening og gruppetrening blir førebels avslutta til over påske, dette kan bli forlenga. Det er avtale med Ulvik treningssenter om rabattert pris for pasientar som er avslutta hos fysioterapeut, og me oppmodar dykk som har hatt tilbod om eigentrening til å nytte dette tilbodet. Pasientar med individuell oppfølging vil få direkte melding om kva tilbod dei får i denne perioden. Minner om at det er mogleg å ta kontakt med privatpraktiserande fysioterapeutar utanfor kommunal regi. Utfordringane skuldast samstundes vakant stilling og sjukemelding. Det er tilsett ny fysioterapeut som startar i stillinga i august, og det blir lyst ut eit vikariat. Helse og velferd jobbar med å hente inn ressursar for å ivareta kommunen sitt ansvar for naudsynte helse- og omsorgstenester i perioden.