Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har et sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/klientsituasjoner. Kunnskapsfeltet er kropp, bevegelse og funksjon.
Fysioterapeuten kartlegg funksjonsproblem og bidra til tiltak og opptrening som kan styrke pasientens funksjonsnivå. Folk i alle aldersgrupper kan få fysioterapi og ein treng ikkje henvinsing for å ta kontakt.
I Ulvik herad er det to kommunale fysioterapeutar i 100% stilling. Du finner dei på instituttet i sentrumsbygget, der hovudfokuset er på kurativ behandling ved timebestilling. Fysioterapeutane har fordelt 20% av stillinga si på omsorgstunet og 20 % på helsestasjonen i arbeidet med barn og unge i heradet. Det er eit stort fokus på tverrfagleg samarbeid, helsefremjande og forebyggande arbeid.
Kva får du?
Observasjon, undersøking og vurdering
- Kartlegging av funksjon og råd om å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar
- Råd og rettleiing for å betre eller bevara funksjon og førebyggja sjukdom og skade
- Tilrettelegging av dei fysiske omgjevnadane heime, i barnehagen, på skulen eller arbeidsplassen
- Trening med sikte på at du skal klare viktige daglege funksjonar
- Utprøving, hjelp til søknad om og opptrening i bruk av tekniske hjelpemiddel
- Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper
- Gruppetrening
- Individuell behandling
- Vere med på å setje realistiske mål for habilitering/rehabilitering
- Vera med å utarbeide Individuell plan
- Oppfølging etter utskriving frå institusjon/sjukehus
- Førebyggjande tiltak i skule/barnehage
- Kvardagsrehabilitering