Parkeringskort for rørslehemma

Parkeringsløyve for rørslehemma skal sikre at du som treng

parkeringslette, kan parkere på tilgjengelege parkeringsplassar   

merka for rørslehemma. 

Slike parkeringsplassar er utan avgift på kommunale parkeringsplassar.

For å søkje om parkeringsløyve må du ha ei rørslehemming. Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar. Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid og/eller andre aktivitetar.

Du kan søkje om parkeringsløyve enten som førar eller som passasjer om du er avhengig av å bli køyrd av andre. Dersom du søkjer løyve som passasjer, gjeld eit tilleggsvilkår om at passasjeren må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor køyretøyet. Parkeringsløyve vert utlevert som eit kort med blant anna namn og bilete på innehavaren, som skal ligga synleg i frontruta ved parkering. Løyvet vert meldt inn i HC-registeret til Statens vegvesen.

Parkeringsløyve er personleg og det er forbode for andre å nytta denne. For at kortet skal vera gyldig når ein er passasjer, må kortinnehavar sjølv vera med i bilen ved parkering.

Ta kontakt med fastlegen din for å få utlevert søknadsskjema og legeerklæring.

Vedlegg du må legge ved søknaden:

  1. Passfoto. 
  2. Kopi av førarkort dersom du søkjer som sjåfør.
  3. Legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar.

Søknad kan leverast på tenestetorget eller sendast til:

Ulvik herad
v/sakshandsamar Helse og velferd
Skeiesvegen 3
5730 Ulvik

Søknaden vert behandla så raskt som råd, og du får vanlegvis svar innan tre veker.

For meir informasjon sjå Forskrift om parkeringstillatelse for forflytningshemmede:
https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2016-03-18-264

Til toppen