Fritids/treningskontakt

Ulvik herad treng deg som har lyst til å verta fritidskontakt. Målet med tenesta er å hjelpa menneske til å få ei sosial og meiningsfull fritid. Tenesta kan gjevast til born, ungdom eller vaksne som ikkje kan delta på ulike fritidsaktivitetar på grunn av fysiske, psykiske eller sosiale avgrensingar.

Alle kan i utgangspunktet verta fritidskontakt, det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller liknande. Me oppfordrar difor alle over 16 år til å sende inn ein open søknad.

Søk på stilling som fritidskontakt her 

 

Her kan du lesa meir om kva det vil seie å vera fritidskontakt  (PDF, 206 kB)

Til toppen