Følgjekort (ledsagarbevis) - Retningsliner og søknad

Personar som har nedsett funksjonsevne og som treng følgje for å delta i
samfunnet kan søkja om følgjekort. Målet er å gjera deltaking enklare, førebygga 

 
isolasjon og bidra til auka livskvalitet for den enkelte.

Følgjekort er eit kort med bilete og namn på innehavaren. Ordninga er landsdekkjande og kan nyttast over kommune- og fylkesgrensene. Du må sjølv undersøkje om følgjekortet vert godteke på arrangementet du vil delta på. Ordninga skal gje følgje fri tilgang til offentlege kultur- og fritidsarrangement og offentlege transportmiddel der ordninga blir akseptert.

Følgjekort gjer ofte rett til "vis hensyn" armband i fornøyelsesparkar, slik at born slepp å stå i kø eller blir prioritert i kø. Følgjekort er ei norsk ordning og du kan ikkje rekna med at kortet blir akseptert i utlandet, men nokre av dei større fornøyelsesparkar (f.eks. Legoland, Liseberg, Disneyland) godtek ordninga.

Det er inga øvre aldersgrense.

Følgjekort kan passa til personar med:

  • Rørslehemming
  • Utviklingshemming
  • Synshemming
  • Høyrselshemming
  • Og andre typar funksjonshemming som til dømes hjartesjukdom, lungesjukdom, psykiske lidingar m.m.

Kven kan følgje?

  • Du bestemmer sjølv kven som til kvar tid vert tatt med som følgje.
  • Det kan til dømes vera ein venn, familiemedlem eller fritidskontakt.
  • Følgje får ikkje godtgjersle med mindre det inngår i ein annan avtale, til dømes i eit oppdrag som fritidskontakt.

Søknad om følgjekort kan leverast på tenestetorget eller sendast til:

Ulvik herad
v/saksbehandlar helse og omsorg
Skeiesvegen 3
5730 Ulvik

NB! Det må leggast ved passfoto av søkar med søknaden.

Søknaden vert behandla så raskt som råd, og du får vanlegvis svar innan tre veker. 

Søknadsskjema følgjekort

Til toppen