Fysioterapi

Fysioterapeutar er autorisert helsepersonell og har et sjølvstendig vurderings- og behandlingsansvar i pasient-/klientsituasjoner. Kunnskapsfeltet er kropp, bevegelse og funksjon.

Fysioterapeuten kartlegg funksjonsproblem og bidra til tiltak og opptrening som kan styrke pasientens funksjonsnivå. Folk i alle aldersgrupper kan få fysioterapi og ein treng ikkje henvinsing for å ta kontakt.

I Ulvik herad er det to kommunale fysioterapeutar i 100% stilling. Du finner dei på instituttet i sentrumsbygget, der hovudfokuset er på kurativ behandling ved timebestilling. Fysioterapeutane har fordelt 20% av stillinga si på omsorgstunet og 20 % på helsestasjonen i arbeidet med barn og unge i heradet. Det er eit stort fokus på tverrfagleg samarbeid, helsefremjande og forebyggande arbeid.

Kva får du?
Observasjon, undersøking og vurdering 

  • Kartlegging av funksjon og råd om å tilpasse aktivitetar og arbeidsvanar 
  • Råd og rettleiing for å betre eller bevara funksjon og førebyggja sjukdom og skade
  • Tilrettelegging av dei fysiske omgjevnadane heime, i barnehagen, på skulen eller arbeidsplassen
  • Trening med sikte på at du skal klare viktige daglege funksjonar 
  • Utprøving, hjelp til søknad om og opptrening i bruk av tekniske hjelpemiddel
  • Råd og rettleiing til pårørande/foreldre og andre samarbeidsgrupper 
  • Gruppetrening
  • Individuell behandling 
  • Vere med på å setje realistiske mål for habilitering/rehabilitering 
  • Vera med å utarbeide Individuell plan
  • Oppfølging etter utskriving frå institusjon/sjukehus
  • Førebyggjande tiltak i skule/barnehage
  • Kvardagsrehabilitering
Kontaktinfo- kommunale fysio- og ergoterapeutar
Namn Ansvar Telefon
Hedda Vihovde Walland Fysioterapeut 40007192
Marta Katrine Vethe Fysioterapeut 40007193
Til toppen