I Ulvik herad er folkehelsearbeid ei viktig oppgåve. Innsatsen vår skal bidra til fleire leveår og betre levekår for innbyggjarane, til å jamne ut sosiale helseskilnader og til å skape eit lokalsamfunn som er tilgjengeleg for alle.
Helsefremjande samfunnsutvikling krev systematisk og langsiktig samarbeid. Gjennom å leggja omgjevnadane til rette, kan innbyggjarane lettare velja dei gode helsefremjande vala.
Ulvik Friskliv og meistring
Me gjer gjev tilbod til personar busett i Ulvik herad som ønskjer hjelp og støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar. Fokusområde er kosthald, fysisk aktivitet, tobakk, søvn, utmatting, stress og meistring.
Ulvik friskliv og meistring samarbeider med Voss friskliv og meistring. Me har gleda av å annonsere nyheita at alle innbyggjarar i Ulvik kan nytte seg av heile tilbodet til Voss friskliv og meistring.
Du treng ingen henvisning frå helsepersonell. Du kan ta direkte kontakt med Voss friskliv og meistring eller fysioterapiavdelinga i Ulvik.
Nytt vedlagte lenkjer for meir informasjon om Voss sitt tilbod, og for å finne kontaktinformasjon.
Voss friskliv og meistring nettside
Voss frisliv og meistring Facebookside
Ny folkehelseoversikt for Ulvik herad 2023-2027 skal publiserast hausten 2023.

Folkehelseoversikt for Ulvik (PDF, 4 MB)