Legevakt

Legevakt kl 16-08: Voss og omland interkommunale legevakt er lokalisert på Voss sjukehus. Her er to leger på vakt kveld/ helg, ein lege om natta. 116117

 

Legevakta dekkjer kommunane Voss, Vaksdal, Ulvik, Granvin og Eidfjord.

 

Om du er på reise, og må ha kontakt med Voss og omland interkommunale legevakt, ring 56 53 04 30

Når skal du kontakte legevakta?

Når skal du kontakta legevakta?

Ved akutt ikkje-livstruande sjukdom, forverring av sjukdom eller skade som krev rask behandling. Når liv og helse står på spel ring medisinsk nødnummer 113.

Dei mest alvorlege tilstandane blir behandla fyrst, anten dei kjem til Legevakta ved eiga hjelp eller i ambulanse. Derfor varierer ventetida frå person til person. Viss tilstanden din blir forverra i ventetida må du ta kontakt med sjukepleiar. Legen kan òg bli kalla ut til akutte hendingar. Derfor kan ventetida bli lengre enn forventa.

Viss du må venta, er det fordi andre har eit meir akutt behov for hjelp.

Legevakta er der for deg hele døgnet når akutte behov oppstår, vi oppfordrer allikevel til at legevakta brukes riktig:

  • Legevakta er der for deg heile døgnet når akutte behov oppstår, me oppmodar likevel til at legevakta blir brukt riktig:
  • Legevakta er open for personar med akutt sjukdom eller skadar som treng umiddelbar hjelp og ikkje kan venta til neste dag.
  • Legevakta er ikkje eit kveldsopent legekontor. I alvorlege enkelttilfelle kan vakthavande lege etter vurdering avtala sjukebesøk.
  • Vurder alltid om du kan venta til neste dag
  • Ring legevakta – problemet kan kanskje løysast per telefon
  • Ta eventuelt kontakt med eigen fastlege

Døme på tilstandar som kan venta til neste dag

  • Feber hos barn med god allmenntilstanden
  • Hoste, vondt i halsen forkjøling som ikkje er følgd av høg feber
  • Uforandra sjukdomstilstand med god allmenntilstand som har halde fram i fleire dagar

Døme på ting som ikkje skal til legevakt

  • Døme på ting som ikkje skal til legevakt
  • Sjukemelding der behandling ikkje er påkravd
  • Fornying av reseptar (med unntak av livsviktige medisinar)
  • Reseptar på A og B-preparat
  • Kontroll og utgreiing av kroniske sjukdommar
  • Lege- og helseattester
  • Injeksjonssetting (eks. B-12 sprøytar, Kenacort)
  • Innlegging av prevensjonsmiddel (eks. spiral)

Når skal du kontakta fastlegen?

Du skal alltid henvende deg til fastlegen når du trenger:

  • Sjukemelding (du får det ikkje på Legevakta)
  • Fornying av resept (du får det ikkje på Legevakta)
  • Kroniske tilstandar utan forverring
  • Sjukdom som kan venta til dagen etter
Til toppen