Postlista gir oversikt over inn- og utgående post sendt via sak-/arkivsystemet. Dokumenta ligg 3 mnd tilbake i tid. Dokument i personalmappar, klientsaker i helse- og omsorgssektoren og oppvekstsektoren vert ikkje publisert i postlista.
NB! Me minner om at e-post sendt til heradet i utgangspunktet vert lagt ut på den offentlige postlista.
Kven kan søkja om innsyn?
Alle har rett til å krevja innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register dersom det ikkje er bestemt noko anna i lov/forskrift.
Du har likevel berre krav på innsyn i databasar dersom informasjonen kan verta søkt opp på ein enkel måte. Eit dokument finst ikkje berre på papir. Informasjon på til dømes e-post og SMS kan vera eit dokument i lova si forstand.
Det er ikkje noko krav at den som krev innsyn må ha sakleg interesse. Innsynskravet må likevel gjelda ei bestemt sak, eller i rimeleg utstrekning saker av bestemt art.
Kva kan eg få innsyn i?
Som hovudregel kan du få innsyn i:
- Saksliste eller saksdokument til heradsstyret eller anna kommunalt folkevalt organ
- Dokument til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon
- Dokument til/frå einingar i administrasjon som har sjølvstendig avgjerslemynde for saka dokumentet gjeld
Det er unntak frå innsynsretten, blant anna:
- Kommunen har plikt til å nekta innsyn i opplysningar som er underlagt teieplikt (td personlege helseopplysningar)
- Kommunen kan nekta innsyn i interne dokument og dokument som er innhenta utanfrå for den interne sakshandsaminga (td dokument i tilsetjingssaker, rettssaksdokument, dokument i avtaleforhandlingar og vidare).
Kommunen skal behandla krav om innsyn så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan ein til tre arbeidsdagar.
Den som har fått avslag på innsynskrav kan innan tre veker krevja nærare begrunning og eventuelt klaga på avslaget til Statsforvaltaren. Klaga skal sendast til Ulvik herad, som behandlar den og videresender klage til Statsforvaltaren, dersom vedtak om avslag vert halde ved lag.
Ulvik herad sine rutinar for personvern og innsyn
Personvernerklæring Ulvik herad
Arkivplan for Ulvik herad
Regelverk og retningslinjer