
Me skal no i gang med endeleg utforming av området saman med ein landskapsarkitekt. Det som idag er parkeringsplass skal saman med grasplenen nedanfor (der den gamle trafoen står) og vegen med namn Almenningen, verte gjort om til parkområde/møteplass/torg. Parkeringsplassen vert flytta bak der Haugebautaen står idag. Det vil ta noko tid før alt dette er gjennomført.
Men det kjem likevel til å skje ting løpande. Det fyrste som kjem til å skje er:
- Vegen som heiter Almenningen skal stengjast for biltrafikk. Tilkomst til området vert via Maritastykket eller via Promenaden frå Brakanes.
- Den del av Promenaden som går mellom Haugesenteret og Almenningen vert også stengt for biltrafikk.
- Den gamle trafoen skal rivast.
- Haugebautaen skal flyttast ned til Haugesenteret.
- Det vil framleis vere mogleg å parkere slik som idag enn så lenge, med nokon endringar. Plassane skal strukturerast og merkast opp. Den delen av parkeringsplassen som ligg mot fjorden skal stengjast for bilar. Her er det allereie sett ut benkar.
Me har lyst til å teste ut litt ulike former for aktivitet og bruk av området. Derfor kommer det til å skje ulike ting i området framover.
Har du ein idé som me kan teste ut i området? Kva trur du vil gjere at folk vil ta turen til Almenningen og bruke litt tid der? Skrik ut…på epost til post@ulvik.kommune.no
Dette er eit viktig sentrumsområde med masse potensiale. Idag er det eit område med mykje asfalt og veg, der bilar får større plass enn folk. Heradet har mål om å transformere området til å verte ein møteplass som bidrar til å skape eit attraktivt og levande sentrum. Og som er fin å sjå på.
Parkering er det likevel stort behov for og det må derfor fortsatt vere ein parkeringsplass i området. Denne vert derimot flytta vekk frå kjernen i området og lengre nord mot hovudvegen.
Bakgrunnen for prosjektet er den nyleg vedteke reguleringsplanen for Brakanes sentrum og tilhøyrande moglegheitsstudier. Du kan lese mer om planen i heradet sitt planregister.