Oppgåver
- Utarbeida kommuneplan, reguleringsplanar og tematiske planer
- Anna relevant internt planarbeid
- Rettleia private forslagsstillarar, kvalitetssikra og saksbehandla private reguleringsplanar
- Saksframlegg for politisk behandling, samt å delta på politiske møte ved behov
- Koordineringsarbeid for overordna planar på tvers av einingar i heradet
- Rettleiing for innbyggjarar innan fagområdet
Me søkjer deg som har
- Erfaring innan planarbeid og god kjennskap til plan- og bygningslova
- Relevant høgare utdanning
- Evne til å planleggja og strukturera eige arbeid
- Gode munnlege kommunikasjonsevner og evne til å formidla komplekse samanhengar på ein lettfatteleg måte
- God skriftleg framstillingsevne på nynorsk
- Forståing for offentleg forvaltning og arbeid i spennet mellom politikk, administrasjon og publikum
- Gode datakunnskapar, ynskjeleg med kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS)
- Førarkort klasse B
- Kandidatar som ikkje fullt ut oppfyller dei formelle krava til utdanning, men har relevant praksis og erfaring, kan bli vurderte til stillinga.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vera med å påverka
- Fagleg nettverkssamarbeid
- Løn etter avtale
- Fleksitid
- Ein jobb i verdast vakraste bygd
Om arbeidsgjevar
Samfunn og plan har om lag 20 tilsette fordelt på reinhald, utedrift og merkantile stillingar. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, symjehall, og langrennsarena med ljosløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne.
Søknad på stilling - Ulvik kommune
Merk med saksnr. 25/315
Kontaktperson
Trygve Vik Kommunalsjef samfunn og plan 4000 7186 trygve.vik@ulvik.kommune.no | |