Frå 2025 vart Spira barne- og familieeining etablert i Ulvik herad. Eininga er sett saman av fagområda skulehelseteneste, helsestasjon, PPT og barnevern. Eininga har eit tverrfagleg samarbeid med særleg fokus på tideleg innsats og førebygging. Spira er organisatorisk underlagt oppveksteininga.
Me søkjer etter deg som kan vere med å vidareutvikla Spira og leia etter heradet sine premissar for leiarskap.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for barnevern, PPT, helsestasjon og skulehelseteneste
- Personalansvar
- Fagleg utvikling av den tverrfaglege tenesta
- Budsjettansvar
Kvalifikasjonar:
Me søker etter:
Me søkjer deg som har god kompetanse og erfaring med tverrfagleg samarbeid, særleg mellom barneverntenesta, PPT og helsestasjon/skulehelsetenesta. Du kjenner godt til pliktene knytt til å undersøkje, setje i verk og følgje opp tiltak, og veit at undersøkinga legg grunnlaget for riktig hjelp til rett tid.
Saman med medarbeidarane dine vil du ha høgt fokus på samarbeid, medverknad og inkludering når kartlegging og testing blir gjennomført. Du vil også vere oppteken av god dokumentasjon og faglege vurderingar i både barnevern og PPT.
Du bør ha:
- Leiarutdanning
- Leiarerfaring frå barnevern.
- 3-årig høgskuleutdanning: barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kunnskap om offentleg forvaltning og økonomistyring
Kompetanse som er ynskeleg:
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid med PPT og helsestasjon/skulehelsetenesta
Personlege eigenskapar
Du forstår heradet sine mål og har engasjement for samfunnsoppdraget. Du er trygg i leiarrolla og kan analysere komplekse problemstillingar. Du har god dømmekraft, tek kloke val og tør å ta avgjerd.
Du ønskjer å byggje ein kultur prega av nyskaping, læring og godt tverrfagleg samarbeid. Du lyttar, skapar ro, er fleksibel og møter utfordringar med humor og rausheit. Du leier med tillit, men tek styring når det trengst. Du ser verdien av eit heilskapleg blikk og av å spele på lag på tvers av fagområde.
Me tilbyr
Ei leiarstilling der du kan påverke utviklinga av eit viktig fagfelt til beste for barn, unge og familiar. Du blir del av eit inspirerande og kompetent arbeidsmiljø i ein dynamisk og tverrfagleg organisasjon med rom for initiativ og nyskaping.
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle etter gjeldande satsar og hjelp til å finne bustad
Søknadsfrist: 9. januar, 2026
Søknad skal fyllast ut elektronisk. Merk søknaden med saksnr. 25/1669
Søknad på stilling - Ulvik kommune
Spørsmål om stillinga kan stillast til einingsleiar Eyvind Eidhammer mobil 40007189, e-post Eyvind.eidhammer@ulvik.kommune.no
Eller kommunalsjef oppvekst Åshild Søvik Underdal, mobil 41866970, e-post ashild.underdal@ulvik.kommune.no
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, lyden av Ulvik, Sommarfestival, blueshelg, Finsejazz og mykje meir! For meir informasjon, besøk www.visitulvik.no .