Helsefagarbeidar - fast stilling 80 - 100%

Vil du bidra til gode og trygge dagar for pasientane våre i Ulvik? 

 

Oppstart: etter avtale
Søknadsfrist: 30.04.2026 
Tilsetjingstilhøve: fast 80-100%

 

Om stillinga
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein helsefagarbeidar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet. 

 

Arbeidstida er for tida dag- og kveldsvakter, med høve for langvakter kvar fjerde helg og kan også innebere enkelte nattevakter. 

Oppgåver

  • Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
  • Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
  • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Samhandling med pasientar og pårørande
  • Rettleiing av kollegaer og studentar
  • Kliniske observasjonar og faglege prosedyrar

 

Kvalifikasjonar

Må-krav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2) 
  • Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.

 

Ynskja kvalifikasjoner

  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste

 

Personleg eignaheit vert vektlagt

 

Kven ser me etter? 

Me ser etter deg som

  • Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre
  • Tek faglege vurderingar i møte med pasientar
  • Bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

 

 

Me tilbyr

  • Årsturnus med moglegheit for påverknad
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Arbeidsplass i moderne lokale og tenestebilar
  • Ein jobb i verdas vakraste bygd
  • Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
  • Hos oss får du jobbe i eit lite, tett fagmiljø der ein deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom aktiv fagutvikling i turnus og eit sterkt fokus på fagleg spesialisering og på å utvikle helsefagarbeidarrolla vidare. 
  • Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)

 

Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/741

 

Kvifor jobbe hos oss? 

 

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk.  Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod. 

Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

 

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv. 

 

Meir informasjon finn du på Hardanger | Ulvik 

 

Lurar du på om dette kan vere stillinga for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat: 

Caroline Pedersen

Avdelingsleiar Ulvik Omsorgstun

400 07 184 -  caroline.pedersen@ulvik.kommune.no