Behov for tilkallingsvikarar i Ulvik barnehage og Brakanes skule, snarast.
Oppvekst har trong for engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar i barnehage og skule.
Som vikar vil du bidra til ein trygg og god kvardag for born og elevar, og få verdifull erfaring frå arbeid med born og unge. Arbeidsmengda vil variere etter behov, og oppdraga kan vere både korte og lengre.
Me ser etter deg som:
- er medviten ansvaret ditt, fleksibel og trygg i møte med born og unge
- har gode samarbeidsevner
- meistrar norsk, munnleg og skriftleg
- har relevant erfaring eller utdanning (ein fordel, men ikkje eit krav)
Me tilbyr:
- meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
- nyttig erfaring innan barnehage og skule
- løn etter gjeldande avtaleverk
Meld deg som tilkallingsvikar til:
Styrar i Ulvik barnehage, Sonja M Haugland, tlf: 40007140
Konstituert rektor Brakanes skule, Sebastian S Hoffmann, tlf: 41866977
Konstituert assisterande rektor Brakanes skule, Signe KF Rondestveit, tlf: 92094374
Poitieattest må leverast og du må signera teieplikt.
Publisert 09.03.2026 13.00
Sist endra 12.03.2026 09.37