Vil du bli fritidskontakt?

Alle kan i utgangspunktet verta fritidskontakt, og det er ikkje krav om fagleg bakgrunn eller særskilt kompetanse. 

Ein må visa politiattest, samt skriva under på oppdragstakaravtale.

Ved oppdrag som fritidskontakt, får ein ei godtgjersle for dei timane ein arbeider. I tillegg dekkast inntil kr 433,- per månad i utgifter i samband med oppdraget. 

 

Ta kontakt på tildeling@ulvik.kommune.no dersom du er interessert eller ynskjer meir informasjon.