Vetteavslutning i barnehagen.

4 juni var det høgtideleg avslutning for Vettegruppa (5-åringane) i Ulvik barnehage. Festen var i frå kl 18.00 med Vetter, foreldre og personal. 

Det vart utdeling av permar, diplom og ei rosa til kvar. 

Foreldra til Vettene hadde spleisa på eit plommetre til barnehagen. Tusen hjarteleg takk for det. Me skal passa godt på treet og det høver godt i eplehagen vår. 

Personalet stod for festmiddagen som var taco, etter Vettene sine ynskjer. 

Vettene opptredde med fleire songar. 

Det er alltid vemodig når borna sluttar, men samstundes ser me at borna er klare for neste steg som no er Brakanes skule, og me veit dei vert tekne godt i mot der. Dette er sjølvsagt gledeleg. 

 Ulvik barnehage ynskjer kvar einaste Vette lykke til på vegen vidare.