Vestlandsspenning på Ulvik kino 17.januar

Laurdag 17. januar kl.13.00 blir Ulvik kommunale kino fylt med både nervepirrande spenning og ekte vestlandsdramatikk.

 Publikum får oppleve to av dei mest intense norske thrillarane dei siste åra – Villmark 2 og Tunnelen – begge regissert Pål Øie frå Stranda på Sunnmøre, som no er busett i Bergen .

Kl. 13.00 -Villmark 2: 
Ein mørk og klaustrofobisk skrekkfilm der ein gjeng kontraktsarbeidarar møter uventa og livsfarlege hendingar i eit nedlagt sanatorium.

Samtale med regissøren
Mellom framsyningane blir det ein samtale mellom regissør Pål Øie og filmskapar Vigdis Nielsen fra Ulvik. Vigdis og Pål starta med film samtidig på 80 talet i Bergen, Vigdis lagar dokumentarfilm medan Pål er blitt internasjonalt anerkjent sjangerfilmregissør. Han er no aktuell med monsterfilmen Kraken som kjem på kino i februar. Men kor starta alt dette? Det blir ein samtale om filmane, inspirasjonen bak, og korleis den mektige, lunefulle naturen og vestlandssjela pregar fortelling og form. Her får ein unik anledning til å kome tett på ein av dei mest markante stemmene i norsk spenningsfilm.

Mingling og enkel servering inngår i programmet denne laurdagen.

Kl.15.30 - Tunnelen:
Ein realistisk katastrofefilm som tek oss med inn i eit inferno av røyk, eld og menneskeleg drama når ein bilulykke i ein vestlandstunnel utviklar seg til eit mareritt.

Inngangsbillett vaksne kr.250,-
Student kr.200,-

Kjøp billett her

Arrangementet er støtta av Norsk Filminstitutt