Verdensdagen for psykisk helse
Verdensdagen for psykisk helse 10. oktober er ein internasjonal FN-dag som blir markert i meir enn 150 land, på ulike måtar, for å fremje medvit om psykisk helse.
I Norge blir dagen markert med ein nasjonal folkehelsekampanje som mobiliserer skular, arbeidsplassar, organisasjonar og eldsjeler over heile landet til felles innsats frå veke 39 til 42 kvart år. Målet med den nasjonale kampanjen er å formidle kunnskap og openheit om psykisk helse, og å mobilisere til engasjement og tiltak for den psykiske folkehelsa.
Årets kampanje for verdsdagen for psykisk helse inviterer til felles innsats for å styrkje den psykiske motstandskrafta vår – i ei uroleg tid.
Det kjem dagar som endrar alt. Nokre kriser slår ned brått og brutalt – som terroren under Oslo Pride 25. juni 2022. Andre veks fram over tid: uro i brystet, einsemd i kvardagen, eller fellesskap som sakte forsvinn.
Det einaste vi veit, er at ingen går heilt fri. Mange kjenner på uro og usikkerheit – både i verda og i sitt eige liv. Det krev noko nytt av oss: korleis vi tek vare på den psykiske helsa – som enkeltmenneske og som samfunn.
Morgondagen har alltid vore uforutsigbar. Difor treng vi å styrkje den psykiske beredskapen vår.

Publisert 10.10.2025 09.42
Sist endra 10.10.2025 11.22