Utvida skjenking under fotball-VM

Ulvik heradsstyre vedtok mellombels endring av dei alkoholpolitiske retningslinjene under fotball-VM. Under fotball-VM for herrar 2026, har skjenkestader i Ulvik herad høve til å skjenka alkohol gruppe 1 og 2 fram til kl.06:00.

 

Endringane gjeld berre for innandørs skjenkeareal og berre for skjenkestader som viser direktesende kampar.

 

Merk at skjenkestader som ynskjer å utvide skjenketida lyt søka om dette: Skjema - Søknad om skjenkeløyve - enkelthøve, utvida løyve