Ulvik får 7,5 million til breiband

Ulvik og Ullensvang er dei første kommunane som får tilskot til breibandutbygging i år. Ulvik får 7,5 millionar kroner til å utbetre breibandet i seks ulike område.

Informasjon frå Vestland fylkeskommune:

– Godt breiband handlar om meir enn internett, det handlar om at folk skal kunne bu og drive næring der dei bur, uansett kor i fylket det er. Denne tildelinga gir betre dekning i Ulvik og Ullensvang, og eg er glad for at vi no òg opnar for at fleire kommunar kan søkje fram til 9. oktober, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar i hovudutval for næring.

Ulvik skal utbetre breibandet i seks ulike område (Rossvoll–Øvregardane, Osa, Hallanger, Sponheim, Bergo/Byrse og Fryste–Tveito).

Det kan kome fleire tildelingar utover hausten. Ulvik og Ullensvang søkte midlar innan første frist 24. august. No er fristen utvida til 9. oktober.

Bakgrunn for saka

Vestland fylkeskommune disponerer midlar frå staten og eigne midlar til utbygging av breiband og til arealdekning på mobil i fylket. Størstedelen av midlane kjem frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD).