Teaterframsyning i Holmen

Fredag 08.05.26 vart barnehagen (Vassfjøro og Kvasshovden)  og 1-4.klasse ved Brakanes skule invitert til teaterframsyning ved Isdalshuset i Holmen. Det var Ulvik herad ved styringsgruppa for Kølleseminaret som inviterte. Eventyr i Parken, eit vestlandsbasert teaterkompani, var engasjert av styringsgruppa til å produsere framsyninga.  

Dei har laga ei kjempeforestilling for barn 3-8 år, som handlar om Catharine Hermine Kølle 1788-1859. Catharine var Noreg si fyrste  kvinnelege maler i norsk kunst og ho var  Noreg si fyrste kvinnelege vandrar. Det er store mengder bileter og reiseskildringar etter ho. 

 

Teaterstykket omhandla vandringane hennar sydover til Italia og litt av vandringane her i Noreg. Me fekk også sjå kopiar av mange av bileta til Catharine. 

 

Teateret føregjekk over heile eigendomen ved Isdalshuset og dei engasjerte borna undervegs. 

 

Det var ei lærerik, morosam og kjekk framsyning. Borna gav også uttrykk for dette etterpå. 

 

Stor takk til Ulvik herad og til Eventyr i parken for framføringa!

Bilete og tekst: Sonja Haugland. Styrar