Som innbyggar i Ulvik får du sletta studiegjeld med kr 25.000 pr år
Det er mange gode med å bu på bygda som handlar om heilt andre ting enn økonomi. Litt drahjelp med studiegjelda kan likevel vere viktig for ein litt lettare kvardag. Ulvik er ein av dei kommunane som inngår i den nye ordninga med sletting av studiegjeld for dei som bur i distriktskommunar.
Ta gjerne kontakt med oss om du ønskjer å vite meir om kvardagen i Ulvikbygda.
Mona H Hellesnes
Nærings- og reiselivssjef
Tlf: +47 40007196
Informasjon om sletting av studiegjeld