Seniortreff på torsdag

Torsdag 27 august startar seniortreffet opp etter sommaren.

Seniortreffet er på Ulvik omsorgstun, kvar torsdag frå kl. 11.00 - ca. 14.00.

 

Treffet er ope for alle over 65 år.

Påmelding til seniortreffet på telefon til kjøkenet, på tlf. 4000 7164, innan onsdagen kl. 15.00. I samband med seniortreffet kan ein tinga middag, samstundes som ein melder seg på treffet. Middagen blir servert i kantina kl. 13.00

Me gjer merksam på at ein frå i haust betalar både for kaffi/te og kaffimat, samt middag om ein har tinga dette.

Prisar for Seniortreffet hausten 2026

Kaffi kr. 25,- pr person

Kaffimat kr. 25,- pr person

Middag m. dessert kr. 165,-

Både kaffi, kaffimat og middag betalar ein i kantina. Me ber om at ein helst betalar med kort, evt. kan ein få betalingslenkje på sms eller faktura etter avtale.