Seniortreff i Haugesenteret

Torsdag 3.september vitja Seniortreffet Haugesenteret. Museumsleiar Jorid L.Eide ynskte dei velkomen.

Deretter heldt Stein Arnold Hevrøy eit interessant innlegg om boksamlinga til Olav H. Hauge, der han fortalde om innhaldet i samlinga og kva ho kan fortelja om Hauge som lesar og diktar. Deltakarane fekk òg høve til å sjå seg rundt i Haugesenteret og bli betre kjende med utstillingane og aktivitetane der.