Samtale på biblioteket: Jeg velger sannheten

Onsdag 15. april kl. 19 blir det samtale på biblioteket med Per Thorvaldsen om filosofen Hermann Tønnesen, med utgangspunkt i boka «Jeg velger sannheten», som er ein filosofisk dialog mellom Tønnesen og Peter Wessel Zapffe.

 

 

 

 

 

 

 

 

Dialogen utforskar dei djupaste spørsmåla om menneskets eksistens. Med sitt karakteristiske intellekt og sin kompromisslause pessimisme utfordrar Tønnessen både Zapffe og lesaren: Er det mogleg å leva utan illusjonar, og kva skjer når vi vel sanninga framfor trøyst? Dette er ei bok for alle som vågar å stilla dei siste, mest grunnleggjande spørsmåla om livet og døden, og som søker innsikt i menneskets plass i naturen og språket.

Per Thorvaldsen er førsteamanuensis ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag ved Høgskulen på Vestlandet. Møtet med Tønnessens filosofi forandra livet hans, og han har gjeve ut «Jeg velger sannheten» på nytt, boka blir delt ut gratis på arrangementet.

Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune og har fri inngang.