Samtale mellom Synnøve Kvamme og Vigdis Nielsen

Tysdag 17. februar kl. 19 på Ulvik folkebibliotek.

Synnøve Kvamme har i ei årrekkje markert seg som ei tydeleg stemme i kampen for vern av sårbar norsk natur. Med «Kampen om fjordane» vart ho eit ikon for naturvern, i ein innbitt kamp mot «monstermastene» i Hardanger.

Etter to og eit halvt år i foreldrepermisjon skal Synnøve Kvamme no tilbake til jobben som prosjektleiar i Naturvernforbundet i Hordaland. Ho har fått to små born, men er framleis brennande engasjert i naturvern.

Korleis ser ho no på dei nye utfordringane naturen står overfor, og kva er dei mest aktuelle sakene i regionen vår? Er det mogleg å få folk og politikarar til å prioritere naturen når det er så mykje uro i verda?

Kva skal til for at folkevalde forstår verdien av naturen – og tek betre vare på ho?

Fri inngang

Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune.

Frå "Kampen om fjordane" Terje Nesthus. Hardingfilm