Sjølv om farten er låg, skjer det ofte ulykker på parkeringsplassar.
For å unngå å treffe noko eller nokon, i verste fall, er det best å rygge inn i parkeringslomma og parkere med fronten ut. Rygg inn – køyr ut!
Tre gode grunnar til at du bør parkere med fronten ut:
- Du har betre oversikt over omgjevnadene når du ikkje ryggar ut frå parkeringslomma.
- Parkeringsplassen kan vere oversiktleg og ha god plass når du parkerer, men kanskje er det fullt og uoversiktleg når du skal køyre ut.
- Det er lettare å leggje merke til ein bilførar som er i ferd med å rygge inn i ei parkeringslomme, enn når vedkomande er i ferd med å rygge ut av henne. Det gjer det enklare for andre trafikantar å ta naudsynte forholdsreglar.
Publisert 04.09.2026 11.00
Sist endra 04.09.2026 11.00