Rusfritt 16.mai arrangement i Kinsarvik

I år som førre år arrangerer Ullensvang kommune, Ulvik Herad, Eidfjord kommune og skulekrinsen i Granvin, eit rusfritt 16.mai arrangement  for ungdom. 

  • Dato                     16.mai 2026
  • Tid                       17:30 – 23:00
  • Stad                     Tangen i Kinsarvik

Kva skjer

16.mai er eit felles rusfritt arrangement for ungdommar i Ullensvang, Ulvik, Eidfjord og skulekrinsen i Granvin. Det vert ulike aktivitetar etterfylgt av konsert med Ambolt, Problembarn og Madelen. Ungdommane vil få servert enkel grillmat, som er inkludert i billetten. Arrangementet er heilt rusfritt, dersom det vert oppdaga bruk av rusmidlar vert føresette kontakta og må koma og henta ungdommen.

Aktivitetar

  • Paintball
  • Klatring m. zipline
  • Ribb-båt kjøring i Sørfjorden
  • Laser tag
  • VR-rollercoaster
  • Ulike aktivitetar ved Event4fun

For kven

Arrangementet er for ungdom frå 7.klasse og oppover som er busett-/høyrer til skulekrinsen i dei nemde kommunane-/skulekrinsane.

Kvar

I år, som i fjord, vert arrangementet arranger midt i Kinsarvik sentrum, ved Tangen. Det blir mest truleg leigd inn buss, som fraktar ungdommane frå Ulvik til Kinsarvik. Det vil koma eige informasjonsskriv ang bussen.

Pris

Billetane er i år gratis dersom ein melder seg på innan 30.4.25 kl 23:59, etter dette er kostar det 300 kr for å verte med. Mogleg me er nøyd til å ta litt i busspengar, det kjem til å stå presisert i skrivet. Arrangementet skal vera tilgjengeleg for alle uavhengig av økonomi, ta kontakt med kontaktperson for Ulvik dersom det er noko du lurar på. 

Påmelding

Påmeldingsfristen er i år 6. mai, minnar om at dersom du melder deg på innan 30.april kl 23:59 er arrangementet gratis. 
For meir info og påmelding til arrangementet: 

https://spond.com/discover/nb-no/events/D194B7C6FDA64A7C80E59AB70BAB86B6

Meir informasjon knytt til bussavgangar ol. vil bli annonsert når påmeldingsfristen er gått ut, 6.mai.

Vakter frå kvar kommune

Det er naudsynt at alle kommunar stiller med vakter, for Ulvik reknar me 1 vakt pr 6 ungdom. Dette er ein kjekk kveld med mykje aktivitet og moro, vaktene får gratis grillmat. Vaktene må disponera bil eller dei kan sitja på med bussen som går frå Ulvik. Vil du vera vakt for Ulvik Herad meld deg på via spond - 

spond.com/discover/nb-no/events/C3CFC75558624B53AA71801895EFBC5A

Er du usikker eller ikkje får det til, ta kontakt med Ann Merethe Hjortland.

Kontaktpersonar i kommunane

Om det er nokon som har spørsmål i høve betaling-/påmelding el. ta kontakt med:
Ann Merethe Hjortland – Ulvik Herad
ann-merethe.hjortland@ulvik.kommune.no 
Tlf. 40007162

Ingvild Sæbø Nilsen – Ullensvang kommune
ingvild.s.nilsen@ullensvang.kommune.no 
Tlf. 91240719

Eivind L.Djønne – Granvin skulekrins
eivind.l.djonne@voss.herad.no

Kari Lægreid – Eidfjord kommune
kari.laegreid@eidfjord.kommune.no 

Me håpar mange ungdommar (og vaktar – føresette, besteforeldre, onklar, tanter og andre medbygdingar) frå Ulvik har lyst til å ta turen til Kinsarvik denne kvelden.