Vi merkar oss særleg at regjeringa har lagt stor vekt på dei lokale ynskja og tilrådinga frå fleirtalet i arbeidsgruppa. Det har vore avgjerande for å sikre lokal tillit til prosessen og skape eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med reetablering av villrein i Nordfjella, seier Pål Rørby, leiar for ordførarkollegiet i Nordfjella.
Dette er ei viktig stadfesting av at staten står ved målet om å få tilbake ein livskraftig villreinbestand i Nordfjella. Etter åtte år utan villrein i sone 1 er det avgjerande at arbeidet no går frå planlegging til gjennomføring, seier Rørby.
Regjeringa legg opp til at aktiv driving av dyr frå sone 2 og naturleg etablering skal vere hovudmetodane for reetablering. Dette er i hovudsak i tråd med arbeidsgruppa sine faglege vurderingar og balanserer omsynet til smittevern, dyrevelferd og naturleg åtferd hos villreinen.
Nordfjella har hatt ei heilt spesiell rolle i den nasjonale innsatsen mot skrantesjuke (CWD). Lokalsamfunn, grunneigarar, villreinforvaltning, kommunar og andre aktørar har gjennom fleire år teke store belastningar som følgje av saneringa og dei strenge tiltaka som har vore nødvendige.
Vi har stilt opp i ein nasjonal dugnad for å stoppe skrantesjuka. Vi har no stor tru på at staten følgjer opp med nødvendig finansiering, ei tydeleg prosjektorganisering og eit tett samarbeid med lokale aktørar i gjennomføringa av reetableringa, seier Rørby. Eit viktig punkt no er tett dialog om sperregjerde, med grunneigarar/beitebrukarar.
Nordfjellakommunane peikar på at lokal forankring vil vere avgjerande for å lukkast.
Ei vellukka reetablering krev både fagleg kvalitet og lokal legitimitet. Vi ser fram til å bidra konstruktivt i det vidare arbeidet slik at villreinen igjen kan få sin naturlege plass i Nordfjella, seier Rørby.
For ytterlegare informasjon:
Pål Rørby, ordførar Hemsedal kommune, leiar ordførarkollgiet Nordfjella, mobil 91638675
Knut Arne Gurigard, lokal koordinator for reetablering av villrein i Nordfjella sone 1, 99287940