Plakettutveksling mellom Viking Mira og Ulvik herad
Då cruiseskipet Viking Mira vitja Ulvik torsdag 6. august, vart det gjennomført ei høgtidleg utveksling av plakettar mellom skipet og Ulvik herad. Kapteinen på Viking Mira og ordføraren i Ulvik møttest for å markera det første anløpet til Ulvik for dette skipet.
Plakettutveksling er ein tradisjon ved førstegongsanløp og symboliserer samarbeid og gode relasjonar mellom skip og destinasjon. Ulvik herad set pris på besøket frå Viking Mira og ønskjer både mannskap og passasjerar velkomne tilbake ved framtidige anløp.
Viking Mira er eit av dei nyaste havgåande cruiseskipa i Viking-flåten og hadde sin debut i 2026. Skipet er registrert i Noreg og er bygd for om lag 998 gjester. Alle lugarane har eigen veranda, og skipet er kjent for sitt elegante skandinaviske design og høge komfortnivå. Viking Mira er eit såkalla «small ship», utforma slik at det kan leggje til kai både i større byar og mindre destinasjonar.
Plakettutveksling mellom kapteinen på Viking Mira og ordføraren i Ulvik
M. Hellesnes
Publisert 07.08.2026 09.36
Sist endra 07.08.2026 10.08