MET har ute farevarsel om mykje regn på gult nivå for deler av Vestland sør for Stad.
Midtre og indre deler av fylket er venta størst påverknad.
- Det er venta store mengder nedbør, rundt 60-80mm/24t. Lokalt kan det kome opp i 80-100mm/24t, i perioden laurdag 19. september kl. 14:00 til søndag 20. september kl. 20:00.
- Nedbøren kan halde fram natt til måndag med høge verdiar lokalt i eit 48 t perspektiv.
- Området kring Odda er venta å få mest nedbør. Modalen og Svelgen peiker seg òg ut som område som vil kunne få meir lokal nedbør. Søndag er det venta at det er område sør i varslingsområdet som vil få mest nedbør.
NVE har sendt ut eit oransje farevarsel om flaum- og jordskred for store delar av Vestland. Varselet gjeld frå laurdag morgon, og faren er venta å minke søndag morgon.
NVE har òg sendt ut varsel om flaumfare på gult nivå for deler av Vestland og nokre kommunar nord i Rogaland. Vassføring vil kunne auke i større og mindre elvar.
- Det er venta at det vil oppstå skredhendingar, inkl. skred mot hus og anna infrastruktur. Ein må vere budd på redusert framkomst på veg og jernbane.
NVE tilrår at ein er særleg merksame på skråningar, sjekkar stikkrenner, kummar og andre kritiske punkt, og sørger for at vatnet kan flyte fritt.
Hald deg oppdatert på:
Varsom.no:
https://www.varsom.no/flom-og-jordskred/varsling/varsel/Vestland/Ulvik?date=2026-09-19
Yr.no:
https://www.yr.no/nb/v%C3%A6rvarsel/daglig-tabell/1-110450/Norge/Vestland/Ulvik%20herad/Ulvik