Oppdatert informasjon - Stenging av vatn og veg ved barnehagen i Ulvik

I samband med omlegging av vatn til den nye barnehagen vert fylkesveg 5374 stengt ved barnehagen f.o.m. måndag 10. august t.o.m. onsdag 12. august.

Omkøyring vert via Apalvegen over Syse. Det vert tilkomst til barnehagen frå begge sider.

Angåande den kommunale vassforsyning som var planlagt stengt i nokre timar tysdag 11. august:
Me arbeidar no for å halde vassforsyninga åpen gjennom heile dagen ved bruk av brannslangar langs vegen ved barnehagen.

Me oppmodar om å vere sparsommeleg med vatten mens arbeidet pågår.

Det planlagte arbeidet startar frå ca. kl. 09.00

Ny og oppdatert informasjon kjem i løpet av dagen.