Ny utstilling i lokala ved Turistkontoret: Galleri Polden

Galleri Polden opna 21. juni. Mange møtte til vernissasje denne søndag ettermiddagen.

Du finn galleriet i dei tidlegare lokala til Syse glas på Gamle Handelslaget (Tyssevikvegen 11). Her kan du besøkje oss heile året – me følgjer opningstidene til turistkontoret.

Fram til 20. august held me ope kvar dag frå klokka 09:00 til 17:00.

Galleri Polden er eit samarbeid med Ulvik herad – kom innom og opplev kunst i fine omgjevnader!