NRK TV-aksjonen 2026

Årets viktigaste sundagstur går av stabelen 18. oktober!
 

NRK TV-aksjonen 18. oktober 2026 går til NRC Flyktninghjelpen. 
Saman skal me gje over 400 000 menneske på flukt moglegheit til å skapa ein trygg heim og håp for framtida.

Tradisjonen tru vert 9. klasse nytta som bøsseberarar med formannskapet som sjåførar.
Pr. no manglar me 2 sjåførar for å dekke alle roder, meld deg gjerne her

Ja, eg vil delta på tv-aksjonen

Bøsseberarane er dei ekte heltane i TV-aksjonen. 
I fjor samla dei inn heile 64 millioner av totalt 272 millioner kroner. 
Det personlege møtet gjer at folk gjev kontantar eller på Vipps til 2133. 
Ei bøsse samlar i snitt inn 2300 kroner!

NRC Flyktninghjelpen er Norges største humanitære organisasjon. 
Dei gjev hjelp til menneske på flukt i nokre av verdas verste krisar.
Menneske i desse områda skal få hjelp:
Gaza • DR Kongo • Sudan • Syria • Tsjad • Afghanistan