No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele over 3 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2026.
Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.
Søknadsfristen er 1. september 2026.
Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.
Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.
For søknadsrunden 2026 er det nytt regelverk. De kan lese meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.
Publisert 29.05.2026 13.34
Sist endra 29.05.2026 13.48