Oppgåver
Stillinga inneber arbeidoppgåver innan vurdering av hjelpebehov, utprøving og søknadsprosess i forbindelse med dette.
Stillinga inneber og oppgåver innan sakshandsaming og drift av lokalt hjelpemiddellager.
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som er sjølvstendig og ryddig i arbeidet. Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne og samarbeide godt tverrfagleg.
Det er ein fordel med relevant erfaring innan sakshandsaming i helse- og omsorg eller formell kompetanse innan forvaltningsrett.
Krav til stillinga
Me søkjer etter autorisert ergoterapeut. Kandidatar med annan helse- eller sosialfagleg utdanning kan verte vurdert.
Me kan tilby
Ein triveleg arbeidsplass i ei flott bygd
Telefon og pc
Mogelegheit for heimekontor
Løn ette gjeldande tariff og lokale føringar
Søknad og kontakt
Har du ynskje om at søknaden vert unnateke offentlegheit må dette grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Du vert varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Politiattest jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4 må leggast fram ved tilsetting.
Tilsetjing vil skje på dei vilkår og med dei plikter som føl av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtaler.
Søknad på stilling
Mersk søknad med saksnr. 26/418
Kontakt
Siv Vindal
Avdelingsleiar heimebaserte tenester
4000 7190
Siv.vindal@ulvik.kommune.no