Dei største borna i barnehagen har gjennom året vorte kjende med sauene på Tunagarden. Dette er garden til Jorid Lekve Eide og Frode Halvorsen
For andre året på rad, kjøper barnehage eit lam hjå dei.
Måndag 6.10 kom Frode med lammet og alle var like spente som i fjor.
Frode parterer og forklarar, medan borna går til og frå som dei ynskjer.
Me er heldige her i Ulvik barnehage, som kan fylgja sauer gjennom året, oppleve å få heile slaktet til "gards" og vidare tilbereda fleire tradisjonsmiddagar av det utover vinteren.
Publisert 08.10.2025 11.11
Sist endra 08.10.2025 11.13