Ledige stillingar Brakanes skule 2026

Skulen har 4 ledige undervisningsstillingar med tilsetting frå 01.08.2026. 
I tillegg har me èi stilling med tilsetjing snarast.

Søknadsfrist: 10.04.2026

Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 140 elevar. Skulen sin visjon
er Kunnskap, Glød og Glede. Skulen legg vekt på læringsleiing og arbeider for å få eit
læringsmiljø fritt for mobbing og krenkingar. Hovudsatsing på skulen er inkluderande
skulemiljø med fokus på klasseleiing, positivt læringsmiljø og lesing.
 

Ulvik er ein kommune i sentralitetsklasse 6. Innbyggjarar i desse kommunane kan få sletta
opptil 25 000 kroner av studielånet årleg frå og med 2025.

Stillingane:

  • 100% fast stilling som grunnskulelærar frå 01.08.26
    Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/735
     
  • 20% vikariat som grunnskolelærar frå 01.08.2026 - 31.07.2027
    Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/736
     
  • 3 mnd vikariat grunnskulelærar/faglærar (helst musikk) 100% frå 01.08.26 - 01.11.26
    Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/737
     
  • 100% vikariat skuleåret 01.08.2026 - 31.07.2027 grunnskulelærar/faglærar
    Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/738
     
  • 100% vikariat frå snarast– 31.12.26, 70% undervisning og 30% vikarhandtering.
    Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/739

Aktuelle arbeidsoppgåver
• Kontaktlærar
• Faglærar
• Vikartimar v/behov
• Vikarhandtering
 

Kvalifikasjonar
Me lyser etter undervisningspersonale som har grunnskulelærarutdanning eller anna
faglærarutdanning. Me lyser primært etter undervisningspersonale som har
grunnskulelærarutdanning. Søkarar med faglærarutdanning med PPU eller anna godkjend
pedagogisk utdanning vert og vurderte.
Arbeidsspråket er norsk, og søkjarar bør difor ha norskkunnskapar tilsvarande nivå B2.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter deg som kan samarbeida i team, ynskjer å læra av og med andre, er
utviklingsorientert, har positivt elevsyn, har humor og god relasjonskompetanse.

Me hjelper gjerne med å skaffe bustad. Løn og arbeidstid følgjer sentrale avtalar.
 

Spørsmål om stillingane på Brakanes skule kan rettast til konstituert rektor
Sebastian Hoffmann, mobil: 41866977
sebastian.hoffmann@ulvik.kommune.no
 

Tilsetjing i grunnskulen, vidaregåande skule, vaksenopplæringa, aktivitetsskulen eller for å gi
leksehjelp er avhengig av at det før tiltreding blir lagt fram politiattest i tråd med
opplæringslova § 17-11

Søknadsfrist for alle stillingane er 10.04.2026