Ledig 100% fast stilling som leiar for barnevernet i Ulvik herad

Frå 2025 vart Spira barne- og familieeining etablert i Ulvik herad. Eininga er sett saman av fagområda skulehelseteneste, helsestasjon, PPT og barnevern. 
Eininga har eit tverrfagleg samarbeid med særleg fokus på tideleg innsats og førebygging. 
Spira er organisatorisk underlagt oppveksteininga.

Me søkjer etter deg som kan vere med å vidareutvikla barneverntenesta og leia etter heradet sine premissar for leiarskap

Om stillinga
Som barnevernsleiar har du det overordna faglege og administrative ansvar for utøving av våre lovpålagte oppgåver. Du vil leie eit lite fagmiljø og samarbeide tett med andre tenester som ligg under eininga Spira som er sett saman av PPT, barnevern og helsestasjon/skulehelsetenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle barnevernstenesta i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale føringar
  • Sikre høg fagleg kvalitet og god sakshandsaming
  • Personalansvar og oppfølging av tilsette
  • Økonomi- og budsjettansvar
  • Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid på tvers av tenester
  • Bidra til utvikling av heilskaplege og førebyggjande tiltak for barn og familia

Me søker etter:
Deg som kjenner godt til pliktene knytt til å undersøkje, setje i verk og følgje opp tiltak, og veit at undersøkinga legg grunnlag for riktig hjelp til rett tid.
Saman med medarbeidarane dine vil du ha høgt fokus på samarbeid, medverknad og inkludering når kartlegging og testing blir gjennomført. 
Du vil også vere oppteken av god dokumentasjon og faglege vurderingar knytt til barnevern.

Kvalifikasjonar

  • Sosialfagleg utdanning på høgskolenivå, fortrinnsvis barnevernpedagog
  • Leiarerfaring er ønskjeleg
  • Erfaring frå kommunalt barnevernsarbeid
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og økonomistyring
  • Det er ynskeleg med erfaring frå tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og inkluderande leiarstil
  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjement for barn og unge sine oppvekstvilkår

Me tilbyr
Ei meiningsfull leiarstilling i eit lite herad med korte avstandar og gode samarbeid på tvers av fagmiljø.
Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene
Eit tett og inkluderande arbeidsmiljø
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter gjeldande satsar og hjelp til å finne bustad

Søknadsfrist: 27. mars 2026

Søknad på stilling   Merk med saksnr. 26/710

Spørsmål om stillinga kan stillast til einingsleiar Eyvind Eidhammer, tlf. 40007189
eyvind.eidhammer@ulvik.kommune.no

Eller kommunalsjef oppvekst Åshild Søvik Underdal, tlf. 41866970
ashild.underdal@ulvik.kommune.no