Kulturjakten - Opplev kulturarven nær deg

Kulturjakten vart lansert i Ulvik 9. juni, med  utviklingsselskapet Link Utvikling AS til stades.

 Kulturjakten gjev, brukarane, via ein mobilapp, tilgang til eit interaktivt kart med markørar kalla "kulturskattar". Desse representerer lokale kulturminne.  For å opne ein kulturskatt og få informasjon om kulturminnet, må brukaren fysisk oppsøke staden, noko som oppmuntrar til fysisk aktivitet og utforsking av nærmiljøet. Brukarane samlar poeng ved å opne kulturskattar,  gå kulturvandringane og delta i quiz knytta til kulturminna. 

Ulvik ønskjer med dette tilbode å formidle historia til bygda og vise fram fleire av dei kulturskattane  vi har til fleire, både innbyggarar og gjester. Gjennom Kulturjakten når vi ut til fleire aldersgrupper og det er ein leiken og utfordrande måte å oppleve kultur og historie på, på eiga hand. Me får formidla spennande innhald både på norsk og engelsk, og vi kan utvide og endre innhaldet etter kvart. 

Tjenesten er i dag lansert i Bergen, Arna, Stavanger og Kristiansand. Ulvik er først ut som liten kommune. 

Støtta av Sparebankstiftinga Hardanger

Mona Hellesnes Mona Hellesnes