Spira barne- og familieeining tilbyr eit lågterskeltilbod der foreldre kan:
- få råd og rettleiing
- drøfte spørsmål eller utfordringar
- få støtte frå fleire fagpersonar samtidig
- få hjelp tidleg før utfordringar blir større
Tilbodet er gratis og frivillig.
Kven møter du?
Den tverrfaglege faggruppa består av:
- Helsesjukepleiar
- Pedagogisk psykologisk rådgjevar
- Logoped
- Barnevernspedagog
- Familierettleiar
Ved behov kan andre fagpersonar inviterast inn etter samtykke frå foreldre.
Kva kan de ta opp?
Døme på tema kan vere:
- språk og kommunikasjon
- sosial trivsel og leik
- uro, kjensler eller åtferd
- søvn, mat eller kvardagsrutinar
- samspel i familien
- utfordringar i barnehage eller skule
- spørsmål om utvikling eller læring
Det treng ikkje vere store vanskar for å ta kontakt.
Korleis fungerer tilbodet?
1. Ta kontakt
Foreldre eller samarbeidspartnarar kan ta kontakt for å drøfte ei uro eller eit spørsmål.
2. Samtale og samtykke
Foreldre får informasjon om tilbodet og fyller ut samtykkeskjema dersom saka skal drøftast i faggruppa.
3. Tverrfagleg drøfting
Faggruppa drøftar utfordringa og kjem med råd, støtte eller forslag til vidare oppfølging.
4. Tilbakemelding
Foreldre får tilbakemelding og kan saman med fagpersonane vurdere vidare hjelp eller oppfølging.
Målet med tilbodet
Me ønskjer å:
- kome tidleg inn med støtte
- gjere det enkelt å be om hjelp
- styrkje samarbeid rundt barnet
- bidra til tryggleik og meistring for barn og familiar
Teieplikt og personvern
Alle fagpersonane har teieplikt.
Saka blir ikkje drøfta utan samtykke frå foreldre/føresette.
Det blir berre delt opplysningar som er nødvendige for å kunne gi rettleiing og støtte.
Kven kan ta kontakt?
- foreldre og føresette
- barnehage
- skule
- Born og unge
- andre samarbeidspartnarar
Kontakt skal alltid skje i samarbeid med foreldre, born eller ungdom.
Du kan ta kontakt med ein av desse kontaktpersonane i Spira:
Anita O Sæbø mob: 400 07 142 e-post: anita.ovrid@ulvik.kommune.no
Ann Kristin S Wathne mob: 400 07 143 e-post: Ann.k.Warhne@ulvik.kommune.no
Lok Subba mob: 400 07 137 e-post: Lok.subba@ulvik.kommune.no
Ida Opedal mob: 400 07 187 e-post: ida.opedal@ulvik.kommune.no
Åshild Lekve Eide mob: 400 07 124 e-post: ashild.L.Eide@ulvik.kommune.no