Den nye viltressurslova opnar for at kommunane kan fastsetje lokal forskrift som tillèt bruk av slike siktemiddel når det er nødvendig for å avverje alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser.
Kommunen må vurdera og grunngje behovet lokalt.
Bakgrunn for forslaget
Ulvik herad har over fleire år registrert
- Høg hjortetettleik i delar av kommunen
- Beiteskadar på innmark og skog
- Skader i frukthagar og liknande.
- Noko hjortepåkøyrsler på offentleg veg
- Krav om CWD-førebyggjande bestandsreduksjon
Heradet meiner at bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel kan vere eit av fleire verkemiddel for å nå vedtekne bestandsmål og redusere skadar og ulemper knytte til store hjortebestandar.
Forslag til forskrift
Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Ulvik herad, Vestland
Heimel: LOV-2025-06-20-102-§26 og FOR-2002-03-22-313-§29a
§ 1 Opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel
Det er opna for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved ordinær jakt på hjort i ope
terreng, i Ulvik herad.
§ 2 Formål
Formålet med forskrifta er å leggje til rette for effektiv bestandsregulering av hjort for å avverje
skade på natur- og samfunnsinteresser.
§ 3 Rapporteringsplikt
Jegerar skal rapportere bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel, ved felling av hjort, i
Hjorteviltregisteret.
§ 4 Verknadsdato
Denne forskrifta trer i kraft XX.XX.2026. Forskrifta gjeld i 5 år frå verknadsdato.
Høyringsspørsmål
Herad ber særleg om innspel til følgjande spørsmål:
- Er det dokumentert eit tilstrekkeleg behov for forskrifta?
- Vil forskrifta bidra til betre bestandsregulering av hjort
- Kan forskrifta medverke til redusert omfang av beiteskadar og trafikkulukker?
- Bør det setjast ytterlegare vilkår eller avgrensingar for bruken?
- Er den føreslegne varigheita på fem år føremålstenleg?
Lokal forskrift (PDF, 153 kB)
Høyringsfrist:
Uttalar skal sendast til e-post post@ulvik.kommune.no innan 01.09.2026.
Merk innspelet med: «Høyring – forskrift om bruk av termiske siktemiddel ved jakt på hjort»
Vidare behandling
Etter høyringsfristen vil innkomne merknader bli vurdert og lagt fram for politisk handsaming før endeleg vedtak.