Vil du bidra til gode og trygge dagar for pasientane våre i Ulvik?
Oppstart: etter avtale
Søknadsfrist: 30.04.2026
Tilsetjingstilhøve: fast 80-100%
Om stillinga
På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein helsefagarbeidar som vil vere med i eit lite, tett fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.
Arbeidstida er for tida dag- og kveldsvakter, med høve for langvakter kvar fjerde helg og kan også innebere enkelte nattevakter.
Oppgåver
- Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
- Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
- Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
- Samhandling med pasientar og pårørande
- Rettleiing av kollegaer og studentar
- Kliniske observasjonar og faglege prosedyrar
Kvalifikasjonar
Må-krav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2)
- Må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
Ynskja kvalifikasjoner
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå kommunal helse og omsorgstjeneste
Personleg eignaheit vert vektlagt
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som
- Arbeider sjølvstendig og godt i samarbeid med andre
- Tek faglege vurderingar i møte med pasientar
- Bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Årsturnus med moglegheit for påverknad
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Arbeidsplass i moderne lokale og tenestebilar
- Ein jobb i verdas vakraste bygd
- Dyktige kollegaer med høg fagleg standard
- Hos oss får du jobbe i eit lite, tett fagmiljø der ein deler kompetanse og utviklar seg fagleg gjennom aktiv fagutvikling i turnus og eit sterkt fokus på fagleg spesialisering og på å utvikle helsefagarbeidarrolla vidare.
- Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad etter gjeldande retningslinjer (med 100% dekking av flytteutgifter)
Søk stilling her Merk med saksnr. 26/741
Kvifor jobbe hos oss?
Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk. Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv.
Meir informasjon finn du på Hardanger | Ulvik
Lurar du på om dette kan vere stillinga for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat:
Caroline Pedersen
Avdelingsleiar Ulvik Omsorgstun
400 07 184 - caroline.pedersen@ulvik.kommune.no