Helgestilling Ulvik Omsorgstun

Helsefagarbeidar/pleieassistent

Oppstart: Snarast

Søknadsfrist: 19.04.2026

Tilsetjingstilhøve: Fast

Vil du bidra til gode helger for pasientane våre?

Ulvik Omsorgstun søkjer ein positiv og ansvarsbevisst helsefagarbeidar eller pleieassistent til ei fast helgestilling. Du blir del av ei avdeling med 14 pasientrom og ei variert pasientgruppe, der me samarbeider tett for å gje pasientane trygg og god omsorg. 

Stillinga har arbeid dag og kveld i fast helgeturnus, for tida kvar tredje helg.

 

Arbeidsoppgåver

  • Grunnleggjande stell, pleie og omsorg
  • Hjelp til personleg hygiene, måltid og daglege aktivitetar
  • Observasjon og vidareformidling til fagpersonell
  • Miljøarbeid og aktiv omsorg
  • Tilrettelegging av rom og måltid
  • Dokumentasjon etter gjeldande rutinar

 

Kvalifikasjonar

Må-krav

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande B2)
  • Må kunne leggje fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4

 

For helsefagarbeidar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

 

Ynskja kvalifikasjonar

  • Erfaring frå helse- og omsorgsteneste
  • Interesse for fagleg utvikling
  • Digital kompetanse
  • Førarkort klasse B

 

Kven ser me etter? 

Me ser etter deg som 

  • er omsorgsfull og trygg i møte med menneske
  • samarbeider godt med kollegaer
  • trivst i ein variert arbeidskvardag
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

 

Søk stilling her  Merk med saksnr. 26/743

 

Kvifor jobbe hos oss? 

 

Helse og omsorg i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk.  Tenestene omfattar sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi og ergoterapi, psykisk helse og rus og dagtilbod. 

Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.

 

Om Ulvik

Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger - Ulvik.

Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, frukt- og sidertradisjonar og eit rikt kulturliv. 

 

Meir informasjon finn du på Hardanger | Ulvik (hardangerfjord.com)

 

Lurar du på om dette kan vere stillinga for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat: 

Caroline Pedersen

Avdelingsleiar Ulvik Omsorgstun

400 07 184 -  caroline.pedersen@ulvik.kommune.no