Helgestilling på Ulvik Omsorgstunet

Stillingstype: Fast
Arbeidstid: Langvakter kvar fjerde helg
Oppstart: Snarast
Me vurderar søknader forløpande

Oppgje saksnr: 25/220 i søknaden

Om stillinga
Vil du vera med og utvikla ei god avdeling til det beste for pasientane våre? Er du fagleg engasjert og oppteken av å levera kvalitet i arbeidet ditt?
Då kan dette vera stillinga for deg! Me har ei ledig helgestilling med langvakter kvar fjerde helg.

Å jobba hos oss inneber varierte og spennande oppgåver innan behandling, prosedyrar og prøvetaking. Helsefagarbeidarar får grundig opplæring i aktuelle prosedyrar, og me legg til rette for fagleg utvikling i kvardagen. Frå januar 2026 får me òg ØHD-seng (øyeblikkeleg hjelp døgnopphald), noko som vil styrka det medisinske tilbodet vårt ytterlegare.

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og omsorg, samt rettleiing i hjelp til sjølvhjelp for brukar/pasient
  • Praktiske oppgåver i avdelinga
  • Helsefaglege oppgåver, inkludert prosedyrar og prøvetaking etter opplæring.
  •  

Ønskte kvalifikasjonar

  • Helsefagleg utdanning eller relevant erfaring
  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og i stand til å ta faglege avgjerder
  • Fleksibel og serviceinnstilt, med gode samarbeidsevner
  • Strukturert, effektiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
     

Søkjarar må kunna leggja fram politiattest i tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 og kommunisere på norsk språk nivå tilsvarande B2.

Om arbeidsgjevar
Helse og omsorg i Ulvik herad har om lag 45 årsverk og tilbyr tenester innan sjukeheim, heimesjukepleie, legekontor, helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, samt dagtilbod. Me held til i moderne lokale i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun, som stod ferdig i 2019.
Som tilsett hos oss blir du del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort mangfald i alder, kjønn, utdanning og erfaring.

 Me kan tilby
·         Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
·         Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer
         Ein triveleg arbeidsplass i ei flott bygd
·         Gode pensjons- og forsikringsordningar

 Om Ulvik

Ulvik – Perla i Hardanger – ligg idyllisk til inst i Hardangerfjorden. Her finn du spektakulær natur frå fjord til fjell og bre, og eit rikt tilbod for friluftsliv heile året.
Ulvik har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø, med idrettshall, symjehall og langrennsarena med lysløype. Konsertar, festivalar, frukt- og siderproduksjon, poesi og sogelag bidreg til eit unikt og levande lokalsamfunn.

Les meir på: Ulvik kommune og Hardangerfjord.com

Kontakt
Caroline Fleten
Avdelingsleiar, Ulvik Omsorgstun
📞 4000 7184
✉️ caroline.fleten@ulvik.kommune.no

 

 Stillingstype: Fast
Arbeidstid: Langvakter kvar fjerde helg
Oppstart: Snarast
Me vurderar søknader forløpande

Oppgje saksnr: 25/220 i søknaden