Generelt bålforbod frå 15. april

Frå og med 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i skog og annan utmark i heile landet. Det betyr at det er forbode å tenna opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark. 

Våren og sommaren er ei særleg utsett tid for skog- og grasbrann. Tørr vegetasjon, vind og sterk sol kan føra til at ein liten gneist får store konsekvensar. Difor er det viktig at alle tek ansvar og følgjer bålforbodet.

Unntak gjeld berre der det openbart ikkje kan føra til brann.

Ulvik herad oppmodar alle om å ta hensyn og bidra til ein trygg vår og sommar. Saman kan me førebyggja brann!

Og husk: din eld - ditt ansvar!