Endring av tømmeruter frå 31. august 2026 (papir,papp og plastemballasje)
BIR Voss Hardanger går no vidare med neste steg i digitaliseringa og omlegginga av tømmerutene.
Etter at me har gjennomført endringane for glas- og metallemballasje, står no papir, papp og
plastemballasje for tur.
Frå 31. august 2026 blir det innført nye tømmeruter og tømmedagar for papir, papp og
plastemballasje.Tømmekalender vil ikkje lenger vera gjeldande for glas-og metall og ei heller
papir/papp og plastemballasje.
Informasjon til abonnentane
Abonnentane vil få informasjon om endringa på SMS:
• Abonnenten får ein SMS i forkant med informasjon om at tømmeruta og tømmedagen vert
endra.
• Når endringa vert gjennomført for den aktuelle adressa, får abonnenten ein ny SMS dagen
før fyrste tømming, med informasjon om den nye tømmedagen.
• Tømmefrekvensen vert ikkje endra. Kvar 4. veke som tidlegare.
Me oppfordrar alle abonnentar til å bruke BIR Voss Hardanger sin tømmeapp. Her kan dei følgje
med på tømmedagane sine og få varsel om kommande tømmingar.
Det vert òg arbeidd med ei ny nettside, der abonnentane etter kvart vil kunne følgje med på eigne
tømmedagar og få tilgang til informasjon om renovasjonsordninga si. Me vil informere når sida er
tilgjengeleg.
Ikkje alle er digitale
Me er samstundes opptekne av at ikkje alle abonnentar nyttar digitale løysingar. Det skal vere
mogleg å få hjelp sjølv om ein ikkje brukar app eller digitale tenester.
Abonnentar som treng hjelp til å finne informasjon om tømmedagane sine, kan ta kontakt med BIR
Voss Hardanger. Me hjelper dei å finne dei oppdaterte tømmedagane.
Me ber kundetorga om å vere merksame på endringa frå 31. august og be abonnentar som treng
hjelp, ta kontakt med BIR Voss Hardanger. Me ønskjer å sikre at alle får den informasjonen dei
treng
Til informasjon er det ingen endring for rest-og matavfall no. Me kjem tilbake når dei vert endra.
Med venleg helsing
BIR Voss Hardanger
Publisert 27.08.2026 14.39
Sist endra 27.08.2026 14.40