I samband med bygging av ny barnehage, har ikkje Ulvik herad lenger behov for den midlertidige modulavdelinga. Me håpar nokon kan vera interessert i å nytta seg av desse modulane, og vil difor lysa dei ut for sal. Det vil bli gjennomført auksjon fredag 20.02.2026 kl. 13.00.
Auksjonen vil verta gjennomført som open bodrunde via e-post. For å melda seg på auksjonen må det meldast interresse innan 20.2.2026 kl. 12.00. Boda skal sendast til brynjulf.langballe@ulvik.kommune.no og merkast "Bod modular" i emnefeltet. Kjøpar vil sjølv vera ansvarleg for å fjerna modulane frå tomta så snart som råd.
Alle bod er bindande og bod skal gis utan meirverdiavgift, som vert lagt på i etterkant. Ulvik herad reserverer seg retten til å godkjenna alle bod.