Auksjon av bodmodular frå Ulvik barnehage.

I samband med bygging av ny barnehage, har ikkje Ulvik herad lenger behov for den midlertidige modulavdelinga. Me håpar nokon kan vera interessert i å nytta seg av desse modulane, og vil difor lysa dei ut for sal. 

 

Det vil bli gjennomført auksjon torsdag 12.02.2026 kl. 13.00. Auksjonen vil verta gjennomført som open bodrunde via e-post. For å melda seg på auksjonen må det leverast eit bod innan 12.2.2026 kl. 12.00.

 

Boda skal sendast til brynjulf.langballe@ulvik.kommune.no og merkast "Bod modular" i emnefeltet. Kjøpar vil sjølv vera ansvarleg for å fjerna modulane frå tomta så snart som råd.

 

Alle bod er bindande og bod skal gis utan meir verdi avgift, som vert lagt på i etterkant. Ulvik herad reserverer seg retten til å godkjenna alle bod.