Referat frå møte om Betel

Her er referat frå «Ope møte om Betel» 30.10. samt frå møtet på Betel 30.09. Dersom det er innspel i saka ber me om at det vert sendt til post@ulvik.kommune.no og merka med Betel, frist for innspel er 31.12.2025. Det vil bli eit nytt ope møte i starten av januar, informasjon om det vil bli lagt ut her på heimesida i god tid.

Laurdagsope på Ulvik folkebibliotek

Fyrstkomande laurdag, 15. november, er det laurdagsope bibliotek, frå kl. 10 til 14! 🎉 Fram til jul held me ope annakvar laurdag, i partalsveker, og me gler oss til å sjå både store og små som vil lesa, låna bøker eller berre kosa seg på biblioteket. 🧒👵📖 Ta turen innom – du er hjarteleg velkomen! 💙

Formannskapsmøte 19. november

I møterom Hardangerjøkulen klokka 12:30.Innkalling og saksliste finn du her.

Haustmat i barnehagen

Små og storekringom bordet.Grønsaker, lår og sausmed porsjonane var me raus.Takk for matenTunagarden.

Ulvik legekontoret har no fått inn Koronavaksine!

Ta kontakt med legekontoret for å avtale time. Sjå anbefalinger under eller FHI sine heimesider.

Ulvik sogelag

Over den blå myra og presentasjon av årsskrift. 

Samtale på biblioteket med Kristin Sampson

Kva kan vi å læra av Platon og dei gamle grekarane i dag? Onsdag 19. november kl. 19 kjem professor Kristin Sampson til Ulvik folkebibliotek for å samtala om Platon og dei gamle grekarane. Sampson er professor i filosofi ved Universitetet i Bergen. Ho skreiv doktoravhandlinga si om Platon, med fokus på forholdet mellom det poetiske og det filosofiske og har arbeida med gresk tenking før Platon, heilt tilbake til Homer og Hesiod, i tillegg feministisk- og samtidsfilosofi.Arrangementet er støtta Vestland fylkeskommune, og har gratis inngang.

Gode retningsliner for tryggare ferdsel, reddar liv

Skal berre…. Det kan bli det siste du gjer. 

Heradet ser etter bustader til framleige

Har du ein bustad du ynskjer å leige ut?

Folkebadet er ope sundagar og måndagar

Frå 26. oktober er Folkebadet ope også på sundagar. Sundag:Familiebading kl. 12.00 - 16.00 Måndag:Familiebading kl 17:30 - 19:00Damebading    kl 19:10 - 20:30